Frå Husnes Tannlegesenter til Sunn Tann
Husnes Tannlegesenter vart starta av Per Henrik Opdal og Kjell Borge Olsen i 1989, den tid i «Senteret» på Husnes. I tillegg starta Per Henrik klinikk på Hatlestrand i 1997. I starten av 2000-talet pensjonerte Kjell seg, og Per Henrik starta planlegginga av ny klinikk på Husnes som opna i 2010. I 2018 opna klinikken i Skånevik, og ein var med det totalt tre klinikkar.
I over 45 år har Per Henrik og han trufaste medarbeidarar hatt fokus på høg kvalitet, tilgjengelegheit og omsorg. Kombinert med godt humør og eit venleg smil, har det skapt trivsel blant pasientar og medarbeidarar.
I 2025 tok son til Per Henrik over dei tre klinikkane. I 2026 samlar Tormod Gjerde Opdal dei tre klinikkane under navnet Sunn Tann. I dag har Sunn Tann totalt 5 tannlegar og 4 assistentar, og gjer oss til den største private tannklinikken i Sunnhordaland.
Ved Sunn Tann er me særleg opptatte av å ta vare på dei som er engstelege for å gå til tannlegen. Me har investert i løysinga Grasp som gjer det mogleg for deg som pasient å kommunisera og få kontroll under behandlinga. Spør meg gjerne om dette
Tormod Gjerde Opdal
Tannlege
Fokuset til Sunn Tann er kvalitet, omsorg og trivsel. Me skal alltid tilby høg kvalitet til våre pasientar, og er derfor opptatt av å ha tilgang på det siste og beste utstyret i bransjen. Me møter våre pasientar med stor omsorg, og skal gje rask tilgang til helsehjelp. Når du kjem til oss skal du merka at me har det kjekt på jobb og at me likar det me gjer. På denne måten skal du få eit godt møte med oss.
Bli kjend med dei tilsette våre
-
Tannlegar
Ved Sunn Tann jobbar det i dag 5 tannlegar. I tillegg til vanlege behandlingar, tilbyr me implantatbehandling, on-site krone- og brobehandling, behandling med snorkeskinner, voksenregulering med skinnebehandling (ClearCorrect), og er henvisningsklinikk for pasientar som er særleg engstelege for å gå til tannlegen.
-
Tormod Gjerde Opdal
Tannlege
-
Oddmund Lunestad
Tannlege
-
Ellen Guddal
Tannlege
-
Ronny Haga
Tannlege
-
Kristina Kvæstad
Tannlege (vikar)
-
-
Hjelpepersonell
Våre 5 svært erfarne og dyktige assistenter held klinikkane i gang. Assistentane tar i mot deg med et smil når du kjem til oss og tar vare på deg underveis. Lurer du på noko før, under eller etter besøket vil dei hjelpa deg til å finna gode svar.
-
Ragnhild Gausvik
Tannhelsesekretær
-
Irene Djuve Sahr
Tannhelsesekretær
-
Lena Hovden Tarberg
Tannlegesekretær
-
Marit Alvestad Kvamme
Tannlegesekretær
-
Lene Kristin Alver
Tannlegesekretær
-
Våre klinikkar
Sunn Tann har tre topp moderne tannklinikkar i Kvinnherad og Etne. Les meir om klinikkane og vel klinikken som er nærast deg!

