I dag har vi tydelege indikasjonar på at snus kan ha fleire helseskadelege konsekvensar. Ifølgje tal frå SSB snusar om lag 16 % av befolkninga i Noreg dagleg.
Når snusen blir plassert under leppa, vil leppa og tannkjøtet som er i direkte kontakt med snusen, endre seg over tid. Desse forandringane viser seg ofte som kvitaktige fortjukkingar og striper, og er tydelege teikn på at både munnslimhinne og tannkjøt reagerer på det framande stoffet. Det er godt dokumentert at desse endringane som regel forsvinn dersom ein sluttar å bruke snus.
Sjølv om risikoen er relativt låg, finst det teikn på noko auka risiko for kreft i munnhola hos snusbrukarar. Misfarging av tennene og blottlegging av rotoverflater kan i enkelte tilfelle knytast til langvarig eller omfattande snusbruk.
Det er òg observert ein auka førekomst av alvorlege krefttypar hos snusbrukarar, mellom anna kreft i bukspyttkjertelen og spiserøyret. Nyare forsking har i tillegg vist ein samanheng mellom snusbruk og auka risiko for hjarte- og karsjukdomar.
Treng du hjelp til å slutte med snus?
Som tannhelsepersonell kan vi gi råd og støtte dersom du ønskjer hjelp til å redusere eller avslutte snusbruken. Ta gjerne kontakt med oss for rettleiing og oppfølging.

